RSS

Månadleg arkiv: februar 2012

07.01

Eg må ha veras sprøaste og artigaste lærar. I dag tok han ein kaps frå ein elev, so fant han fram ei gullkjede han hadde i ei skuff før han fekk stilt opp heile første klassa for å ta klassebilde. Elevane hadde det i alle fall morosamt!

Vi begynte å koke den ”sap”’en vi hadde tappa av trea for å få plass til meir i den store dunken. Når man kokar den får man etter kvart lønnesirup! Av 40L ”sap” får man ca. 1L lønnesirup. Man koker altså væska (som består av 98% vann) til den består av kun 40% vann og sukkeret blir karamellisert. Når ein byrjar å koke væska er ho heilt blank. Der du ser avsetningar av sukker, er der væskeranden er når vi begynte kokeprosessen.

Timane i dag gjekk greitt og elevane er stort sett kjempe snille. Eg var med på eit møte kor alle lærerane på teamet hadde møte med ei mor. Eg syntes situasjonen virka litt skremmande for mora for vi var til saman elleve lærerar, kor av fire var studentar. Men mora takla situasjonen veldig bra og mente at eleven berre er lat. Vi kom med forslag til tiltak og eg er spent på å sjå om det skjer ei forandring mens eg er her.

Då eg kom heim hadde det endeleg komme pakke til meg i posten. Sjokolade, og då meiner eg MASSE SJOKOLADE!!! Tusen takk Thomas!!!

 
1 Comment

Posta av den februar 13, 2012 in Uncategorized

 

06.02

I dag var det to av elevane mine som var på student tv-en og fortalte dagens kunngjøringar. Dette inneberer bursdagar, kampar og konsertar. Eg var veldig stolt, og syns dei var veldig flinke.

På grunn av Superbowl var det suppebolle som var temaet for ”the little lions café” i dag. Eg hadde kylling og mais suppe, med ei kjeks og aprikos. Ikkje verst.

Følte meg dessverre ikkje heilt frisk, so på turen heim stoppa eg og Mary for å fylle på med kleenex og C-vitamin. Her er resultatet (eg skal ikkje bli sjuk):

 

 
Leave a comment

Posta av den februar 13, 2012 in Uncategorized

 

05.01

Superbowl!

Isak inviterte meg og Helene til å sjå Superbowl med han og dei han bor med. Han hadde også tre venninner på besøk og alle var kjempe trivelige! Her ble vi servert øl og mat, bl.a. ein fantastisk guacamole. Snadder!

Det er vist ikkje kampen (Patriots-Giants forresten) som folk ser på, men derimot reklamepausane og pauseunderholdninga. I år var det Madonna som sto for den, og ho er jo so klart fantastisk. Om eg ser slik ut når eg er tretti so er eg fornøgd. Og om eg nokon gong kan gå i slike høghæla sko so skal eg vera evig takksam.

Eg lærte meg eit nytt drikkespel, ”landmine”. Her går det ut på å snurre ein mynt, ta ein shot, og plukke opp mynten før den har stoppa å spinne (greier du ikkje det må du drikke å prøve på nytt). Har du ein tom boks kan du sette den oppå mynten mens nokon andre spinn han, og vedkomande må då drikke og prøve på nytt samtidig som boksen ikkje kan flyttas på og er no ei landmine (sidan det er enkelt at mynten kjem borti boksen og dett).

Eg fekk også lære at Penn State University har eit eige eskortefirma. Nei, ikkje prostituerte, men folk du kan ringe som kjem i uniform og som kan følgje deg heim. På denne måten slepp du å ta drosje og kan gå heim aleine utan å vera redd. Dei møter deg der du vil å går altso med deg heile vegen heim. Tenestene er gratis og sponsa av universitetet. Kanskje det er det dei bør gjera i Oslo?

Giants vant, og det var ikkje det jentene hadde håpa på då Patriots hadde den kjekkaste guten på laget sitt…

 
Leave a comment

Posta av den februar 12, 2012 in Uncategorized

 

04.02

I dag for eg på sightseeing ilag med Steve og familien til Penns cave, FANTASTISK!!! Ei kalsiumkarbonat hole med flotte formasjonar: http://www.pennscave.com/. Vi segla i båt inne i grotta og utanfor såg vi også fleire dyr, som deer, elk, kanadagås og stokkand. Av og til er eg veldig takksam for BI1002 (faunistikk og floristikk).

Ja, eg veit han er vanskeleg å sjå… Men på toppen av haugen i bakgrunn står det ein Elk!

Vi åt lønsj/middag på ei typisk amerikansk vegkro. Eg hadde aldri gjetta at det var ei kro, heller eit skur som sto heilt øyde. Men maten var god. Eg åt meatloaf med stappe og sukra gulrøter, og til dessert hadde eg eplepai. Lekkert!

Vi for gjennom fleire små byar på vegen for å sjå om vi kunne finne nokon amiske folk. Og det gjorde vi! Det er enkelt å sjå kva for hus som er amisk, for dei har all klesvasken hengane ute heile året. Dei kan nemleg ikkje bruke strøm. Dei køyrer i hest og kjerre, men vil gladelig betale deg pengar for å køyre dei i bil. Det er greitt so lenge dei ikkje køyrer sjølv. Dei kan også betale deg for å få låne mobiltelefonen din. Det er tydeligvis også greitt og ringe, so lenge ein ikkje eiger telefonen. Merkelege folk…

På kvelden gjekk eg ut for å ete middag med dei andre utvekslingsstudentane. Her møtte eg to nye frå Sverige, resten hadde eg møtt før på seminar.

 
Leave a comment

Posta av den februar 12, 2012 in Uncategorized

 

03.02

I dag henta vi enda meire ”sap” frå lønnetrea, begynner å få nokre liter no. Timane mine gjekk greitt og eg føler at no er eg skikkelig inni systemet.

Etter skulen hadde eg mykje og gjera, som å rydde, gå med søppel og so vidare.

På kvelden gjekk eg, Helene og Øyvind inn til byen. Nærmare bestemt Starbucks. Her kosa vi oss med kaffi og FoU. I alle fall eg og Helene. Øyvind stakkar har slitt med influensa og kjende ingen smak, so han orka ikkje kaffi.

Helene var flittig og fekk skrivi ned alle tankane våre rundt prosjektet. Vi snakka so klart og mykje om kor heldige vi er, og kor fornøgde vi alle er med veilederane våre. Dei er rett og slett fantastiske!

 
Leave a comment

Posta av den februar 12, 2012 in Uncategorized

 

02.02

Happy Groundhog day! I dag var dagen vi skulle få vite om det enten var seks veker at med vinter (om groundhogen ser sin eigen skugge blir det seks veker med vinter) eller seks veker at til vår (om den ikkje ser sin eigen skugge)… Som dei glupe av dokk no kanskje har skjønt er det uansett, skugge eller ikkje skugge, seks veker med vinter før det blir vår. Groundhogen får til og med eit dokument kor det står om han ser skuggen sin eller ikkje. Men detta har dei i alle fall greidd å lage nesten ein festival rundt i ein liten by, og fleire valfartar dit for å få eit glimt av detta dyret. Eg fekk ei peparkake forma som Groundhogen, men kom ikkje på ta billete før den var nesten ete opp. Ops…

I dag fortsatte eg med genetikk (hadde mitt andre praksisbesøk) og brukte area timen for å sette ei tapp i eit nytt tre. Elevane, som no trur på troll, viste ikkje kva me skulle og såg at eg bar på ein drill. Då gjekk det plutseleg masse rykte om at det kanskje var troll i skogen, og sidan vi ikkje har våpen i Noreg, so brukte me kanskje drill i staden…

Vi gjekk ein liten omveg slik at elevane skulle få seg litt frisk luft. Her går dei nemleg aldri ut i friminutta, dei har rett og slett ikkje lov. Og når dei er heime trur eg nok ikkje at alle går ut. Ikkje alle har hage og liknande, so eg trur frisk luft er eit skummelt materie for dei aller fleste. Etter å ha gått i ti minutt var det allereie fleire so klaga over at dei var slitne. Det kan ikkje vera lett å vekse opp i eit land kor du aldri får bevegd deg og pizza er ei sunn grønsak.

Etter skulen for eg og Mary for å handle mat, og eg fann Badger avdelinga! Wow. Dette er inne på ein vanleg matbutikk. Herlig!

Eg gjekk inn til byen for å møte Li Wen og ei venninne av ho. Vi for på Panera for å ete. Dei åt kaker, mens eg åt suppe og panini. Snadder. Eg SKAL tilbake hit!

 

PS: Er vist laga film om Groundhog day http://www.adressa.no/kultur/film/dvdanmeldelser/article1048153.ece

 
3 Comments

Posta av den februar 8, 2012 in Uncategorized

 

01.02

I dag var Steve tilbake på skulen, og han hadde med seg ei gåve til meg, nemleg fjorårets utgåve tå Science Olympiad t-skjorta! Her er nokre billete t-skjorta og meg i t-skjorta og Penn State kosebukse!

Mary var også tilbake i dag so eg hadde skyss til og frå skulen at. Ikkje verst. I tillegg so var veret perfekt til å sanke lønnesirup! Steve lærte meg korleis ein gjer det slik at eg sjølv kan prøve meg når eg kjøm heim. Ein treng nemleg ikkje lønn, det funkar vist nok heilt ypparleg med bjørk au. So no har eg fått meg tapp, so det er berre å sette i gong so snart eg er på Horgheim.

Slik gjer du det:

1. Tidspunktet du tappar på er svært viktig. Det skal helst vere sol og plussgrader på dagen, men minusgrader om natta. Det er også veldig viktig at lauvet på trea ikkje har sprotte, for då forandrar hormona seg og sirupen blir ikkje god.

2. Finn eit bor og bor ca. 2cm inn i treet, litt oppover.

3. Er treet 30cm vidt kan ein sette i ei tapp. So kan ein sette i ei ny tapp for kvar 10. ekstra centimeter, men maks fire tappar i eit tre.

4. Sett i tappa, og heng ei bøtte under.

5. Tøm når nødvendig (ca. ein gong per dag).

Væska du får ut når du tappar består av ca. 98% vatn. Du kokar væska heilt til du sit at med ca. 40% vatn. Då vil du ha perfekt sirupkonsistens og sukkeret vil verte karamellisert. Snadder!

Etter skulen skypa eg heim og justerte litt på undervisningsopplegget mitt før det var leggetid.

 
2 Comments

Posta av den februar 7, 2012 in Uncategorized

 

31.01

Al henta meg og køyrte meg til skulen. Det var ein nydeleg morgon, og eg burde vel ha skjønt at dette ikkje var dagen for dunjakke. Dei fleste elevane hadde shorts og t-skjorte, og det vart fort atten grader. Sumar, velkommen! Eg hadde ein vikar inne heile dagen, so eg fekk ha kontroll på klassane. Det var kjekt. Spelte sjakk i Area, og greidde faktisk å vinne over ein sjuandeklassegut, to gonger!!! Stolt! Då Al henta meg fekk eg han til å køyre meg til ”the Shields” for eg har hatt store problema med å komme meg inn på elion kontoen min. Den vil at eg skal oppdatere kontaktinformasjonen min, men det godtar ikkje telefonnummera eg sett inn. Han vil nemleg at dei skal bestå av femten siffer. Ikkje lett når verken det norske eller amerikanske nummeret mitt har so mange tal.

Eg for til Registrar for å få det fiksa, men her var det ikkje mykje hjelp å få. Trur dama eg snakke med hadde ein dårleg dag. Ho meinte at eg ikkje kom inn fordi eg ikkje hadde betalt rekninga mi. Eg sa at det var jo derfor eg var der, for eg må logge inn for å få sjå rekninga mi. So spurte eg kvifor ei rekning det var ho eigentleg snakka om. Eg trudde ikkje eg skulle få husrekninga før i morgon. Nei, det var ikkje husrekninga, men semesteravgifta. So lurte eg på kva den var på, eg kunne jo kanskje betale han der. Den var på 15000$!!! Eg sa at det trudde eg ikkje at eg skulle betale. Ho spurte kvifor og eg måtte forklare alt om utdanningsprogrammet eg går på. So sa ho; men det du betalar for å gå på universitetet i Noreg må du betale hit no. So når eg sa at vi ikkje betalar for utdanning i Noreg… Då heldt ho på å sprekke! EG MÅTTE NO BETALE FOR UTDANNINGA!!! NOREG ER HEILT IDIOTISK!!! Eg innsåg at her var det ikkje noko meir å hente so eg gjekk til Bursar skranken å forsøkte å få hjelp der.

Her møtte eg ei utruleg hyggelig dame, som tydeligvis hadde hørt sin kollega over gangen. Ho fiksa registreringa mi, og sa at rekninga var allereie betalt. Om det er NTNU som betalar dette for meg må eg berre seie tusen, tusen takk! Ho kunne dessverre ikkje hjelpe meg med innloggingsproblemet, men gav meg kart til den bygninga eg måtte gå til.

I denne bygninga var det tydelegvis noko militært, for det var uniformer og våpen overalt. Eg vart litt nervøs av å gå forbi alle desse store militærfolka i ei bygning eg aldri hadde vori i før, som eg ikkje var heilt sikker på om var rett bygning osv. So eg var svært so fornøgd når eg fann fram til rett rom. Her måtte eg logge inn for å vise kva som var problemet.

Dei hadde aldri sett denne feilmeldinga før, og ”the nerd herd” såg ganske so forvirra ut. Dei ringe sjefane sine, som ringte sine sjefar, som igjen ringte sine sjefar. Dei kom fram til at sidan eg hadde mamma som kontaktperson (i tilfellet eg døyr), og henna telefonnummer so hadde vi eit problem. For i Noreg har vi ikkje regionskodar. So, dei la på fleire nullar framfor nummeret til det var femten siffer til saman. Dessverre får dei ikkje tak i mamma om eg døyr, men det har eg ikkje tenkt til å gjera mens eg er her.

Sidan det var so fint ver ute bestemte eg meg for å gå heim. Eg gjekk med dunjakka i handa forbi alle som var ute i short og t-skjorte. Eg prøvde å ta bilde tå gateskilte til college avenue, men fekk det ikkje til. Då eg var framme satt eg ute litt og las pensum i sola. Herleg!

 
Leave a comment

Posta av den februar 5, 2012 in Uncategorized

 

30.01

Mary kom og henta meg som vanleg, men fortalte meg at ho følte seg dårleg og skulle til legen. Seinare på dagen fekk eg melding om at ho hadde fått streptokokkar og dermed ikkje kunne køyre meg heim.

Dette var min første dag med det nye temaet genetikk. Dagen gjekk ganske fort og plutseleg var det til for Science Olympia. Eg ringte etter drosje slik at eg skulle vare heime til klokka seks, då skulle nemleg Al hente meg og Helene og vi skulle på førelesning. Men dette var ikkje so enkelt som ein skulle tru. Drosjene likar seg tydelegvis best i sentrum, og sia eg var 10 min utanfor so kunne dei ikkje komme dit. Eg ringte fire forskjellege selskap, kor av eit ikkje svara ein gong. Det ende opp med at Steve måtte køyra meg heim, og eg kom dit akkurat til Al kom for å hente meg.

Her er forresten nokon bilde tå skulebussane. Ja, akkurat som på film!

Førelesninga handle om klasseleiing og var utruleg bra. Her fekk vi møte dei andre utveklsingsstudentane frå Sverige, og dei av amerikanarane som hadde vori i Sverige i fjor. Ein veldig koselig gjeng!

Då eg endeleg kom heim hadde klokka allereie passert ni. Etter ein lang dag var senga utruleg god!

 
Leave a comment

Posta av den februar 5, 2012 in Uncategorized

 

29.01

Dustedag!

Eg tenkte når eg vakna at sidan eg hadde skrivesperre i går hadde sikkert den fantastiske hjernen min jobba i heile natt og løyst alle problem. Men NEIDA! Hjernen min hadde tydelegvis ikkje komme ein tanke vidare og eg satt fast igjen. Etter fire nye timar med intens stirring på skjerm og tastatur, utan so mykje som ei problemstilling fekk eg tak i mamma. Ho fekk tak i tante, og ho fekk tak i meg. Eg fekk ikkje til å lage ei ordentlig problemstilling, men tante hjelpte meg i alle fall med å få på plass alle tankane mine. Kanskje eg berre burde ha bytta tema frå likestilling/forskjellsbehandling av kjøn i skulen til noko anna. Men når eg først har begynt å tenkte på det temaet so er det vanskeleg å legge det frå seg…

Uansett, History of Rome er fortsatt bra. Håper eg aldri treng å bruke ei heil helg til skrivesperre igjen, nokon sinne!

 
Leave a comment

Posta av den februar 3, 2012 in Uncategorized

 
 
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 511 other followers